Eit aretorisk mekanisk urverk

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
I meldinga av Hvordan gjøre dokumentanalyse peikar Sveinung Nordstoga på eit syn på tekst som dokument som flyt friksjonsfritt og saumlaust kring i samfunnet.

Metodeinnføringa Hvordan gjøre dokumentanalyse. En praksisorientert metode er gjeven ut i Cappelen Damm-serien «Forskningsmetoder».[1] Fyrsteutgåva kom i 2020, og andre opplaget er allereie trykt i 2021. Dette vitnar om ein forlagssuksess. Ifylgje baksideteksten går boka inn i ein serie med samfunnsvitskaplege innføringar i «forskningsmetoder og analyseteknikker». Den fagleg ståstaden til forfattarane er det såkalla STS-feltet (Science, Technology, Society), og vitskap, teknologi og samfunn er basisområdet for framstillinga. Dokumentet står altså i sentrum, og ein er oppteken av korleis eit dokument bevegar seg i kunnskapssamfunnet – korleis det blir til, korleis det verkar inn på menneska og liva våre og korleis verda kan endrast ved at dokument transformerer seg, tek nye former, blir omsette og bind saman menneska. Ei kartlegging av denne tekstflyten er eit mål for dei metodane som blir skildra.

Disponeringa av stoffet er vel verd å merke seg. For det eine verkar det som om ein er oppteken av å beskrive inngåande sjølve studieobjektet og korleis dette artar seg i den store tekstflyten i samfunnet. Til kvart kapittel høyrer ein meir praktisk-metodisk del. Det er fornuftig og tillitsvekkjande at ein får ei solid innføring i eigenarten til forskingsobjektet før ein gå over i det metodologiske. Meir underleg, derimot, er det at sjølve drøftinga av den faglege ståstaden – der ein avklarar og avgrensar sin eigne faglege og vitskaplege utgangspunkt – kjem mest heilt til slutt i boka – i nest siste kapittel. Denne delen blir også nærmast presentert som ei framstilling for dei spesielt interesserte: «Er du nysgjerrig på disse faglige tradisjonene, er dette kapittelet verdt å lese». Ja, dette er i høgste grad interessant og så viktig at det skulle ha stått først i boka. Problemet med denne disponeringa er at ein kan få eit noko overflatisk bilete av kva ein legg i fenomenet dokument, sidan legitimeringsgrunnlaget manglar.

Tittelen på legitimeringsdelen gjev oss eit hint: «Hvor kommer denne boka fra». Av dei mange føresetnadene for dokumentforsking er staden dokumentet blir til i, eit orienteringspunkt. I staden for å operere med eit stort og kanskje uklart kontekstomgrep, går forskaren inn i staden der skrivepraksisar går føre seg. Eit namn på denne tilnærminga er også «aktør-nettverk-teori», som oppstod på 80-talet som ein opposisjon til Foucaults interesse for maktstrukturar. Ein går altså inn i avgrensa og konkrete praksisar og studerer korleis dokument blir produserte, kva for vilkår som gjeld, kva som er intensjonen osv. Med andre ord er praksis og ulike praksisar nøkkelomgrep. Det er studium av desse som er ein hovudpremiss for den forskinga ein ser for seg. I tillegg tek ein opp i seg perspektiv frå etnografisk forsking og sosialsemiotikk – altså ein link til meir humanistiske forskingstradisjonar.

Når ein les dei andre kapitla, om dokumentverktøy, dokumenttekstar, dokumentarbeid osv., får ein inntrykk av at dokumenta flyt friksjonsfritt og saumlaust kring i samfunnet, og kunnskapssamfunnet er som eit mekanisk urverk der mange bitar og delar verkar saman. Dokumenta blir objektiviserte og er teknologiske gjenstandar som bevegar seg i den store tekstmassen. I det heile er tekstverda framstilt som teknologi.  Dokument har i seg kunnskap, og desse kan ta ulike former. Ein skriv til dømes om ulike kunnskapsteknologiar. Døme på dette er granskingsrapportar, evalueringar, kart, statistikk osv. Ved å bruke ordet teknologi understrekar ein nettopp desse friksjonsfrie rørslene. Omgrepet teknologi blir brukt om det som verkar, som fungerer, slik at ein oppnår det som er føremålet. Omgrepet verktøy blir også brukt. Omgrepa seier mykje om syn på språk og kommunikasjon. Rett nok skriv forfattarane at mykje kan skje med dokumenta som ikkje let seg føreseia – for å sukre instrumentalismepilla – men det endrar ikkje noko på heilskapsinntrykket og rokkar ikkje ved urverkmetaforen. Slåande er at ein går så langt i å teknologisere kunnskap at ein bruker omgrep som kunnskapsteknologi. Ein snakkar også om effektiv lesing av dokument og om dokumentverktøy.

Det teknologiske perspektivet og det teknologiske omgrepsapparatet gjer altså dokumenta til instrument. Techne var i den gamle greske kulturen ordet for ferdigheit og utøving av eit yrke. Av dette kjem ordet teknologi, som i denne boka er mykje meir enn ferdigheit. Teknologi er eit stort system som skal fungere for å nå eit større og meir overordna mål – nemleg det å sørge for å formidle kunnskap i kompliserte nettverk av kanalar. Kunnskapen lever sitt eige liv og flyt rundt omkring, men kva for innhald står denne kunnskapen for? Techne har forlate sitt utspring i episteme og blitt ei språkleg masse som er vanskeleg å gripe og halde fast.

Ei hovudinnvending mot framstillinga er objektiviseringa av teksten. Teksten, dokumentet, blir ein gjenstand, og medvitet om det retoriske aspektet ved dokumenta er mest fråverande. Ein kan tenkje seg ein student i grunnskulelærarutdanninga som vil utforske ulike plandokument om utdanningspolitikk. Her vil kandidaten finne lite dersom ein vil leggje eit retoriske perspektiv på dokumenta. Den retoriske mangelen er påfallande og fører til at innsikta om eigenarten til dokumenta blir avgrensa, og kan i neste instans føre til ein harmoniserande konsensus om korleis dokumenta påverkar oss. Dette er synd, for dokumentanalysar kan også tilføre humanistiske fagretningar mykje, som til dømes norskdidaktikk. I det heile vil eit slikt studium gjera den elles avpolitiserte norskdidaktikken meir politisk medviten, men då må ein også koma faget i møte – altså norskfaget i dette tilfellet – som har i seg i eit sterkt tekstmedvit og innsikt i retorikk og tekstteori. Faghistoriske studiar, plananalysar m. m. vil kunne ha stor nytte av ein dokumentanalyse som er mykje meir tekstkritisk enn den som blir presentert hjå Asdal og Reinertsen.

Eitt moment er at alle dokumentproduksjon på sett og vis skal tene eit overordna godt føremål. Ei anna side er kulturtapet som ligg i bruk av nemningar. Både den kulturelle og historiske dimensjonen glimrar med sitt fråvær. I omtalen av sjanger er dette perspektivet utelate. Ein foreslår også virksomme ord.no som ein stad der ein kan finne «dokument». Denne nettstaden inneheld  ei rik samling med kjente talar. I verste tilfelle vil dette føre til ein flat og reduksjonistisk måte å analysere ein tale på, dersom ein går inn på premissane til boka. Rett nok skriv ein innleiingsvis at ein nærmar seg tekst også med eit verkemiddelperspektiv, men framstillinga i det heile ser på dokument som «gjenstander, det er ting, som det arbeides på og med».

Som metodebok, målt på sine eigne premissar, er den instruktiv og god, men aller mest praktisk. Ein undervurderer lesaren ved å framstille det vitskaplege grunnlagskapittelet som mindre viktig. Tekstsynet er tingleggjort, og dette manglande tekstmedvitet fører til at studenten går glipp av viktig innsikt.

Eg tenkte som så at bruk av ordet «ting» i ulike samanhengar er å gå over ei grense når det gjeld presisjonsnivå. «Ting» kling ikkje bra i akademisk tekst. Etter kvart i lesinga har eg oppdaga at dette er eit medvite val. Tekst bli ting, derfor blir tanke ting. Dette er litt trist, og får meg til å tenkje på A. O. Vinje då han kritiserte all «denne Methodelære» på lærarseminara. Metoden overskygga det meste, det var som å sjå ned i ein «kolsekk», skreiv essayisten og retorikaren Vinje. Eg har ikkje sett ned i ein kolsekk under lesinga, eg har heller opna ei klokke og sett inn i eit urverk. Eg har lært mykje om funksjonar i eit system, mindre om føresetnader og vilkår som ligg bak.

 

 

[1] Asdal, Kristin, og Hilde Reinertsen. Hvordan gjøre dokumentanalyse: En praksisorientert metode. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2020.