Popkultur som retorikk

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin

Retorikken interesserer seg for populærkultur – i alle fall påstår retorikken at den interesserer seg for populærkultur. Då eg skulle skrive doktoravhandling om skandinavisk fjernsynshumor om innvandring, støtte eg nemleg på eit problem: Det finst ikkje ei verkeleg retorisk metode for å studere populærkultur. Altså måtte eg utvikle min eigen.

Hovudmålsetjinga i doktoravhandlinga mi var å undersøke korleis skandinavisk fjernsynshumor om innvandring på ulike måtar bidrog i den breiare innvandringsdebatten i Noreg, Sverige og Danmark.[1] Konklusjonen min var at humor, som alltid balanserer på ulike pragmatiske, sosiale og kulturelle grenser, har blitt nytta til ulike former for grenseoppgang i offentlegheita – alt frå å trekkje opp moralske grenser der innvandringsskeptiske parti blei plassert utanfor, til å vere eit verkty for tilgang til den seriøse offentlegheita for komikarar med innvandrarbakgrunn. Eg vil diskutere eit slikt tilfelle seinare i denne artikkelen, men først skissere ei grunnleggjande metodisk utfordring eg hadde i arbeidet med avhandlinga, og som også er hovudspørsmålet mitt her: Korleis kan ein forstå det som ikkje er eksplisitt politisk som eit stykke politisk retorikk?

Dette blei ei metodisk utfordring, sidan eg kom fram til at korkje dei retoriske, eller dei kritisk orienterte humanistiske for den saks skuld, verktya for tekstanalyse var tilstrekkelege her. For sjølv om retorikken påstår at den interesserer seg for populærkultur vil eg våge å påstå at dette stort sett er ein tom påstand. Her kan retorikkfeltet bli delt i to leirar. Den eine leiren innrømmer høflig at det er spennande med musikk, mote, satire og slikt, men er eigentleg berre interessert i det eksplisitt politiske, kanskje til og med aller mest i elitens sjangrar – fjernsynsdebatt, epideiktiske taler og policy-dokument. Den andre leiren publiserer flittig bøkar og artiklar med titlar som Media and the Rhetoric of Body Perfection, «The Visual Rhetoric of Innocence: Lolitas in Popular Culture» og Making Camp: Rhetorics of Transgression in US Popular Culture. Problemet med dei fleste av desse arbeida – med fleire heiderlege unntak, så klart – er at dei stort sett ikkje er meir enn tradisjonelle humanistiske analyser av representasjon, ofte spedd ut med kritisk teori, som har oppdaga klassiske og nyretoriske omgrep. Iblant fører dette til god og relevant forsking, men eg sit likevel vanlegvis att med inntrykket av at desse tekstane ikkje har dykka djupt nok ned i den retoriske verktykassa dei har opna. Det som vanlegvis vantar er nemlig ein inngåande analyse av korleis desse særs ulikarta populærkulturelle tekstane er ein form for handling, altså kva dei faktisk gjer ute i samfunnet, i sine forskjellige retoriske situasjonar – noko i alle fall eg meiner er blant dei meir sentrale spørsmåla i retorikkfaget.

Då eg satt i gang med min studie, kom eg til at få av omgrepa til klassisk retorikk eller nyretorikk verkeleg kunne skildre korleis komedie var symbolsk handling. Mykje av den kritiske humanistiske tekstanalysa var, på si side, god til å forklare kva som skjedde i teksten, og kvifor ein viss representasjon var politisk interessant, men eg stilte meg tvilande til måtane denne tradisjonen hevda at teksten/representasjonen spelte ei rolle i den verkelege verda. Kort sagt: Eg trengte ein betre måte å forstå korleis ein kunne røre seg frå mikronivået – det som skjedde i ein tekst – og opp til makronivået – det politiske i form av strukturar, prosessar eller kva ein no kallar det som påverkar liva til folk.

Løysinga mi blei å utvikle det eg kallar ein tekstleg-historisk metode, der eg analyserte komedietekstar – og resepsjonen av dei, som kulturspalter og sinte lesarbrev – som intervensjonar i ein pågåande debatt – i dette tilfellet innvandringsdebatten, og slik som ein del av komplekse meiningsskapingsprosessar, ved å sjå kva komedietekstane prøvde å forandre – eller vedlikehalde – ved hjelp av intervensjonen sin. På den måten kunne eg så klart ikkje finne ut om komedien hadde nokon retorisk «effekt», men eg kunne finne ut kva arbeid dei ulike komedietekstane gjorde i offentlegheita – med andre ord, eg kunne drøfte ikkje den perlokusjonære, men illokusjonære krafta dei hadde.

Det teoretiske fundamentet for dette er bygd opp av Quentin Skinner sin retoriske metode for nærlesing av eldre filosofiske tekstar, der han hevder at ei forståing av eldre tekstar som intervensjonar i ein debatt er ei nøkkel for å forstå meininga dei hadde,[2] Michael Warner si forståing av offentlegheitar (publics) som noko som er konstituert av og har handlekraft gjennom tekst,[3] og til slutt Gerhard Hauser sin teori om den offentlege meining som grunnleggjande retorisk og prosessuelt, der ein ikkje kan peike på ei konkret ytring, eller meiningsmåling, eller ein konkret policy og seie «Dette er eit uttrykk for folkemeininga», men heller anerkjenner at nettopp meiningsbryting, og kva som skjer der, er det som konstituerer offentleg folkemeining.[4]

Vidare forsto eg humor som eit kommunikativt modus som arbeidde med uløyselege men produktive spenningar – mellom seriøsitet og useriøsitet, mellom konservative og kreative impulsar, mellom negative kjensler, positive kjensler og kjenslemessig distansering. På den måten kunne eg undersøke korleis komedie og satire verka retorisk i ulike konkrete historiske situasjonar nettopp ved å trekkje vekslar på desse spenningane, som – når dei kjem som eit fullt sett – er unike for humoristisk kommunikasjon.

Eg skal ikkje gå vidare inn på denne teoretiske bakgrunnen her, men heller reflektere litt rundt kva dette kan tyde i praksis for retorikkforskaren. I mitt arbeid med doktoravhandlinga gjorde eg tre ting: Først og fremst studerte eg vanvitig mykje gamal TV-komedie, for å forstå sjangeren, eller rettare sagt sjangrane. Deretter ville eg forstå konteksten, altså innvandringsdebatten. Dette gjorde eg på eit todelt vis: først fekk eg eit generelt overblikk gjennom å lese meg breitt opp på eksisterande vitskaplege studie av feltet – kvalitative, kvantitative og teoretiske arbeid frå statsvitskap, sosiologi, medievitskap, retorikk, litteraturvitskap og antropologi. Slik fekk eg auge på mønster både i komediematerialet og i innvandringsdebatten eg ville undersøke korleis det var ein del av – og ikkje minst, interessante overlapp, kontrastar og samanhengar mellom dei to. Basert på dette gjorde eg eit utval av spesielt interessante komedietekstar, og gjekk så inn i del to av kontekst-forståinga, der eg nærlas relevante avistekstar frå det representative utvalet samla inn i mor-prosjektet mitt om den skandinaviske innvandringsdebatten, SCANPUB. Til dømes las eg alle tekstar om integrering og kulturskilnad då eg arbeidde med dei første standup-komikarane som vitsa med nettopp desse tematikkane.

Slik fann eg mønster i korleis ein viss type tekstar verka retorisk, i form av kva arbeid dei gjorde i offentlegheita. Å sjå etter mønster på kryss av fleire tekstar var viktig ut frå tanken at ein svale gjer ingen sommar: ein tekst har ikkje nokon retorisk effekt på eigen hand – i alle fall ytst sjeldan når det kjem til komplekse meiningsdanningsprosessar, der fleire slag retorikk møter både kvarandre og publikum sine ulike sosiale, psykologiske og kulturelle horisontar. Samstundes hadde den klassiske nærlesinga ein sentral funksjon i arbeidet: Seiste fase var nemleg å velje ut visse tekstar frå dette materialet, og undersøke nærare korleis akkurat desse kunne bli forstått som intervensjonar i innvandringsdebatten, og korleis deira karakter som nettopp humor og komedie blei nytta til å gjere retorisk arbeid.

Det tydelegaste mønsteret eg fann i komediematerialet mitt var at dei som blei gjort aller mest narr av var innvandringsmotstandarar – alt frå mannen i gata som mislikte kebabsjapper på den gamle stasjonskafeen til nynazistar. Ei undergruppe av desse var satire som, ganske grovt og valdsamt, gjorde narr av høgrepopulistiske parti, altså FrP i Noreg, Fremskridtspartiet og Dansk Folkeparti i Danmark og Sverigedemokraterna i Sverige. Etter djupdykka mine i eksisterande litteratur om innvandringsdebatt visste eg at dette ikkje var unikt for humoren – å gå til åtak på desse partia har vore regelen heller enn unntaket i skandinavisk innvandringsdebatt, i Noreg ofte gjennom å stemple FrP som uanstendige.[5] Difor var eg interessert i å finne ut om denne forma for satire berre trakka langs eksisterande spor, eller om den kanskje gjorde ting den seriøse debatten ikkje gjorde, og kanskje til og med ikkje kunne gjere.

Konklusjonen min, etter ei næranalyse av mellom anna Otto Jespersen sitt 90-talsprogram O.J. – En utstrakt hånd og svenske Grotesco, var at denne forma for satire faktisk svarte på noko som blei oppfatta som ein hardare debatt, til dømes då FrP på seint 90-tal hadde fleire lausgjengarar som kom med innvandringsfiendtlege utspel, og då Sverigedemokraterna kom inn i Riksdagen. I desse tilfella følgde rett nok satireprogramma tendensen i offentlegheita til å fordømme høgrepopulistane, og trakk slik opp moralske grenser – men dei gjorde det ved hjelp av humoristiske verkemiddel som tillot dei å vere mykje grovare i tonen enn kva seriøse politikarar og journalistar var, og kunne vere, og svarte slikt sett kanskje innvandringsmotstandarane med samme mynt. Denne aggresjonen vil eg hevde fylte ein viktig retorisk funksjon: den hadde nemleg også potensiale til å skape glede, eller kanskje rett og slett skadefryd, og gjorde difor den moralske grenseoppgangen lystfylt – slik at det å halde seg innanfor dei moralske grensene i innvandringsdebatten var noko ein kunne gjere med glede over å vere betre enn andre, ikkje berre fordi ein skamma seg eller tankelaust følgde straumen. Dette seiste poenget er så klart spekulasjonar – men teoretisk og empirisk kvalifiserte – om komedie-retorikken sin perlokusjonære effekt, men det er klart at denne eventuelt avheng av det illokusjonære arbeidet til satira – som var å trekke opp moralske grenser ved hjelp av komisk aggresjon. Den tekstleg-historiske metoden eg nytta i desse analysane synte at dette ikkje berre var noko eit enkelt fjernsynsprogram gjorde, men at det var eit mønster på tvers av land, år og sjangrar. Dessutan var denne moralske grenseoppgangen knytt til den breiare innvandringsdebatten både fordi den var eit del av eit større mønster i korleis offentlegheita handterte høgrepopulistiske parti, og fordi den var ein reaksjon på konkrete utviklingar i debatten.

Den kritiske lesaren vil kanskje innvende at dette metodiske grepet ikkje er noko nytt, at slike studie har blitt gjort fleire gonger før. Til ein viss grad er eg samd. Eg har sett fleire liknande framgangsmåtar i studie av veldig ulike slag retoriske artefaktar – ingen nemnt, ingen gløymt. Likevel meiner eg at denne tekstleg-historiske metoden er ei metodisk nyvinning. For det første er den på sett og vis er den ein mellomting mellom ei klassisk retorisk nærlesing og ei diskursanalyse: Der den retoriske nærlesinga ofte har ein om ikkje lemfeldig, så i alle fall usystematisk måte å analysere retorisk kontekst på – for ikkje å snakke om mønster på tvers av tekst i kontekst – så bryr diskursanalysa seg lite om einskildtekstar, noko eg vil hevde er viktig dersom ein skal forstå ikkje berre kva retorikk, eller diskurs om ein vil, eigentleg gjer – men også korleis den gjer det, i kraft av sine spesielle eigenskapar. Og difor er denne metoden særskilt eigna til å forstå populærkultur – men også all annan ikkje-eksplisitt politisk retorikk, som sjølvhjelpsspalter, vitskapsformidling eller for den saks skuld historier fra virkeligheten i Norsk Ukeblad. For det andre, sjølv om slikt nok har blitt gjort før, er eg så vidt eg veit den første som har gjeve den tekstleg-historiske metoden eit namn, og slik lagt eit viktig grunnlag for å drøfte dei teoretiske og metodologiske byggesteinane bak, og for å utvikle det vidare som ein systematisk metode – så systematisk som den kan og bør vere i humaniora.

Dersom retorikkfeltet verkeleg vil bidra, og forstå alle dei ulike formene for retorikk som finst der ute, som påverkar folk, som handlar i verda, er det viktig å interessere seg for populærkultur, og å utvikle skikkelege, og genuint retoriske, måtar å gjere det på – noko eg håper og meiner eg har gjort. Populærkulturelle tekstar bør nemleg vere spesielt interessante for retorikarar av minst to grunnar. For det første er dei populære – ja, musikk, superheltfilmar, fjernsynskomedie og realityshows er mest truleg tekstformene folk flest faktisk bruker tid på og fordjupar seg i. Me kan med andre ord gå ut frå, eller i alle fall vere opne for, at slike tekstar speler ei politisk rolle på eit eller anna vis, i form av å bli mata inn i kvardagslivet sine meiningsdanningsprosessar. Analysane mine av fjernsynskomedie demonstrerte korleis denne politiske rolla kan bli forstått ved hjelp av retorisk teori. For det andre er populærkulturelle tekstar ofte komplekse – dei nyttar mange verkemiddel og inneheld lag på lag med meining. Ein kan seie mykje fint om Obama, men samanlikna med sjølv den enklaste Marvel-film blir talene hans enkle og likeframme som ein skulestil. Det er trass alt ein grunn til at dei sterkaste akademiske tradisjonane for tekstanalyse i moderne tid konsentrerer seg om skjønnlitteratur og film: Det skjer fleire komplekse, interessante og forvirrande ting her enn i den politiske dag til dag-retorikken. Med andre ord gjev populærkulturen retorikkfeltet fleire analytisk interessante problem å ta tak i og utforske for sin eigen del. Endå viktigare er det å analysere populærkulturelle tekstar ei gullgruve for å forstå korleis det som ved første augekast ser ut som berre underhaldning eller tidsfordriv tvert om er genuint retorisk og politisk, og slik kan retorikken gje det gamle slagordet «Alt er politikk» ny relevans og djupne.

 

Noter

  1. John Magnus R. Dahl, Voices on the Border: Comedy and Immigration in the Scandinavian Public Spheres. Doktoravhandling (Universitetet i Bergen, 2021).
  2. Quentin Skinner, Visions of Politics: Vol. 1: Regarding Method (Cambridge: Cambridge University Press, 2002).
  3. Michael Warner, “Publics and Counterpublics,” Public Culture 14(1), 2002: 49-90.
  4. Gerard A. Hauser, “Vernacular Dialogue and the Rhetoricality of Public Opinion,” Communication Monographs 65(2), 1998: 83-107.
  5. Anniken Hagelund, The Importance of Being Decent: Political Discourse on Immigration in Norway 1970-2002. Doktoravhandling (Institutt for samfunnsforskning, 2003).